Oj, plutseleg var julafta her og eg ha ikkje blogga på ei stund, slikt skjer. Og litt av kvart har skjedd: Eg er no heime i Norge på juleferie, kom heim forrige onsdagog blir verande til over nyttår. Det var ein liten opplevelse å komme heim, det var stille på flybussen fra Haukåsen som bevega seg sakte gjennom snølandsskapet, ingen andre bila på vegen og kun ein stille summing av motoren til bussen. Eg satt bak i bussen og tenkte for meg sjølv på forskjellane til Nairobi.
Eg oppdaga no at eg ikkje hadde blogga på 2 månadar, ops, men eg vil påstå at eg har vore opptatt og ikkje alltid hatt tid til å oppdatera bloggen. Har vel hatt tid, det tek ikkje so lang tid, men men. På programmet dei siste to månadane har eg blandt anna vore på safari til Masai Mara, me hadde stort besøk frå Høgskulen i Volda som var å sjekka opp praksis plassen til Cathrine og Kristin og fekk ein presentasjon av prosjektet til meg og Ola. Eg trur møtet med Mathare og Eastleigh sette eit godt inntrykk på dei. Ellers har tida gått veldig fort, små happenings kvar dag. Eg gledar meg tl å skulle ned igjen i januar, da flyttar eg også inn i ein ny bustad, noko eg gledar meg stort til.
Dagen i dag blir feira med familie på Kaupanger. Cathrine har vore her i nesten ei veke og holdt meg med selskap i førjulstida, og eg skal til Bergen i romjula og helse på folket der. På nyåret blir det ein tur til Volda før kursen blir sett mot Nairobi igjen, og da skal eg ikkje tilbake til fedrelandet før i august!
Eg er veldig spent på kva det nye året vil bringa, og eg er sikker på at eg kjem til å få utfordringar og opplevelsar i fleng. Spesielt i Nairobi, men returen til Norge vil nokk ikkje bli stille den heller, må jo finne på noko spanande når eg er tilbake.
Riktig god jul til deg og dine! Håpar at alt de manglar ligg under treet idag!
Ny post, nye bilder! Endelig!(?)
Laga ein litenbildeserie frå St. Michael, skulen eg jobbar på i Mathare. Prøvde å bruka svart/kvitt og høg brightness for å lage ein felles effekt for bilda.
Alle som går ved St. Michael kjem frå veldig fattige kår, men alle ungane har eit fantastisk smil og er kjempeglad i å bli teken bilde av. Skal komme med meir seinare frå livet i Kenya, intill vidare: Enjoy!
Eg har i dei 2,5 månadane eg har vore her i Nairobi kost meg stort med fint vær. Det har vel knapt vore regn dei første månadane her. Når eg kom i august skulle det eigentleg ha vore regntid her, men på grunn av den globale oppvarminga har regntidene begynt å bli uregelmessige. På landsbygdene har dette ført til store kriser med avlingane. Og her i byen har dette ført til rasjonering av både vatn og straum. Straumrasjoneringa er no over, men vatne er først forventa tilbake når oktober er over.
Men no ligg det muligens an til ei forandring, det har vore varsla sidan september at det skal komme eit værfenomen kalla El-Niño, ei massiv regnbye. Dei siste dagane har det komme fleire kraftige regnbye, men dei har foreløpig berre vore periodevis og ikkje altfor lange. Det skumle er kva som skjer viss det blir kraftig regn over tid.
Det eg tenkjer mest på er då folka som bur i slummen, folka i Mathare og alle dei andre slummane i Nairobi. Det er ikkje noko serleg stødige konstruksjonar mange av husa er bygd av og gatene er laga av jord som automatisk vil bli gjørme. Eg las i avisa her om dagen at i ein slum har dei rive ned hus for å lage nødtrassear for redningsmanskap ned i slummen. I Mathare har det dei siste vekene vore mykje graving av nye grøfter, og rensing av eksiterande. Men kor masse dette hjelp når alt bosset som ligg i gatene kjem til å samle seg opp og blokkere rennene, veit eg ikkje.
Sist det kom ein El Niño, 1997, vart det ei stor krise, og myndigheitene var ikkje førebudde på det. Mange tok seg då fri frå jobben og jobba som frivillige med bl.a. suppekjøkken osv. Spørsmålet er om folk er nokk forberedt denna gangen? Snakka her eindag med ein so bur i Mathare, og spurte om han var forberedt på El Niño. Og fekk svaret “El Niño?”
På ei anna side er det kanskje ikkje så altfor mykje å bekymre seg for. Det dårlege været blei først spådd i september, og so taxisjåføren sa når eg spurte “People say alot”. Andre har hevda at El Niño ikkje vil ramme Nairobi og at me istadenfor berre får ei vanleg regntid. Tida vil vise, eg trur ialelfall at eg skal skaffe meg ein paraply og eit par gode sko.
Bedre seint enn aldri med ein liten oppdatering fra forrige helg, da var eg, Cathrine og Kristin og besøkte praksis studentar i Nakuru, (2 1/2) timar frå Nairobi. I den sammenhengen reiste me på safari ved Lake Nakuru, og soklart hang eg ut glaset med kameraet i handa. Masse spennande å sjå og bilde blei det. På turen prøvde eg pappa si gamle linse til sitt speilrefleks, ei 80-200 mm linse med manuell fokus. Ikkje like heldig med fokus heile tida, men det var kjekt å ha ei telelinse! Safarien sitt høgdepunkt var når me reiste opp på eit utsiktpunkt so heite Baboon cliff, med ein haug med rimelig avslappa baviana som ikkje hadde noke imot å bli teken bilde av. Dette inntil eg tok eit skritt for nermt ein som deretter slengte ein arm ut etter meg og reiv tak i skjorta mi. Lite dramatisk egentlig for han ville ikkje noke serleg meir enn å sei fra at no var eg litt for nerme, men eg må innrømme at eg skvatt litt.
- Denne gjengen satt i eit tre ved ingangen til nasjonalparken
- Ikkje beste vinkelen, men fin sebra
- Ein kompis som stilte seg fint opp for å bli teken bilde av
- Ikkje ein spesielt livleg kar
- Ein av dei store attraksjonane ved parken er alle flamingoane
- Hyggelig fyr
- Ein bøffel so tok seg ein kvil og kosar seg med utsikten
- Skummel type. Kom rimelig nærmt innpå, men holdt oss i bilen
- Utsikten fra Baboon Cliff
- Bavianane koste seg på kanten av fjellet
- E det noke lus å sjå?
- Cathrine hadde videoansvaret på safarien
Det var alt for no. Om du syns eg oppdatera for sjeldent om livet her, er Cathrine flinkare og raskare med å oppdatere bloggen sin, sjekk den ut på http://cathrinesverden.wordpress.com
No blei eg litt happy! Såg nettop at eg idag har passert 1000 treff på bloggen min sidan eg starta å blogge i midten av juni. Tusen takk til alle sammen so ha vore innpå å lese, skal prøve å fortsette å underholde(?) alle vidare.
Ellers idag har eg jobba i studio saman med tre andre karar, på tre forskjellige prosjekt. Det går i hip-hop med litt forskjellig stilblanding. Eg er spent på å sjå kva me kan få til i studioet iløpet av året. Moglegheitane er iallefall mange. Eg har også fått sett saman ei gruppe frå Haba na Haba som eg skal begynne å lære opp fra torsdag av, i lyd og diverse teknikar arbeid. Litt teori og eindel praktisk står på programmet.
I helga var eg foresten “up-country” igjen. Saman med Cathrine, Kristin og Ola med familie tok Goddie oss med heim til seg på landet. Me reiste først heimom til han, der mora har ein liten gård, forså å reise til ein idyllisk lite “parkannlegg” der me slappa av. Der koste me oss unna storbylivet i frisk luft og postkort Afrika omgivnadar, Einaste so mangla var at me ikkje fekk sett noken ville dyr :p

Elva ved siden av der me tilbrakte mesteparten av dagen
Seinare for me tilbake til gården, der det blei servert noko som heiter mokimo. Ein blanding av bønner, grønsake, potete, litt kjøtt og eindel anna ting. Ikkje værst.

Lille Åsmund var ganske begeistra for kua på gården

Cathrine og Åsmund
Til slutt må eg inkludere eit bilde av Goddie, guiden vår, s0m eg har blitt kjent med her i Nairobi. Han har vel også vore guide for meg i det meste om korleis livet i Kenya er.

Dagens guide
Lagra i: Afrika, St. Michael | Merkelappar: Bilde, Jobb, Nairobi, St. Michael, Studio
I dag har eg hatt min første undervisningstime ved St. Michael i Mathare. Har nemt skulen, og eit par bilder, i eit tidlegare innlegg. På timeplanen sto rytmelære, som skal vere ein del av musikkteoriundervisninga til Ola. Undervisninga blei teken fra grunnen av med fjerdedelar, halvnotar og heilnotar, samt pausar. Til at det var første gang at mange av dei hadde slik undervisning følte eg at dei tok det veldig fort, sjølv om eg til tider måtte kjempe litt slik at ingen skulle klappe når det var pause.
Eg gledar meg til å skulle undervise ved St. Michael igjen, og også prøve å starte opp eigne undervisningsopplegg. Skal, om det blir mulighet for det, ha data opplæring både for elevar og lærarar, og kanskje det kan komme eit film prosjekt. Tida vil vise, eg har fått bortimot frietøyle.
Ellers hadde eg ein kjempefin opplevelse på tirsdag når eg gjekk gjennom ein del av Mathare aleine, etter å ha levert Cathrine og Kristin ved St.Michael. Det er vel eigentleg noko som berre må opplevas for å få følinga med det, men det var mange smilande ungar som kom springane mot meg som ropte “how are u?”, mens mødrene satt på sida av vegen ved husa og lo, og syns det var like artigt som meg. Det er ikkje daglegdags at ein “kviting” kjem gåande aleine i Mathare, så det kan vere ein oppleving for begge partar. Eg kjem nokk til å ta den turen igjen, og gjorde vel forsåvidt det i dag sidan eg skulle hente Cathrine og Kristin på vegen heim fra Haba na Haba.
Skal prøve å få teke noken bilder av dei fantastiske ungane som er rundt omkring her og legge dei ut seinare. Men sidan eg likar å inkludere bilde i postane eg skriv, får eg legge ut eit par andre. Her er to frå ein gang eg leika meg med kort lukkartid:


Eg må berre få sagt det først som sist: Nettavhengigheten min som eg hadde heime i fedrelandet har dalt kraftig, eg er ikkje so ofte på nett og gjer meg raskare ferdig, sjekke mail/facebook->ferdig. Og det går soklart også utover aktiviteten min her på bloggen. Tenker ofte på å blogge om livet her, men har liksom ikkje fått sett med ned å skreve om kva som skjer.
På ein måte har vel også ting roa seg veldig for meg. Eg har den siste tida blitt komfortabel med å reise rundt på eigahand, og eg kan sånn cirka finna vegen rundt omkring i sentrum. Men alle mine erfaringar etter seks/sju veker her har denna veka blitt sett på prøve. Forrige søndag landa min kjære Cathrine og Kristin, etter ein ca 50 timar lang reisetur fra Noreg til Nairobi. Dei skal ha praksis her fram til jul ved Haba na Haba og St. Michael. I løpet av veka har eg fått prøvd meg som guide for dei, drege dei med på matato til både Eastleigh og Nairobi sentrum, samtidig som eg har fortalt om mine erfaringar frå bylivet. Det har vore veldig kjekt, og eg trur dei har kosa seg og sjølv om ting og tang kan vere litt forvirrande og rart i starten. Det syns eg iallefall at det var, det er spesielt å sjå korleis livet i Mathare er og korleis takle den travle trafikken.
No står ei ny veke for tur og eg kjenner meg klar. Denne veke skal eg begynne med eit opplegg ved St. Michael, nøyaktikt kva veit eg enda ikkje, men saman med Ola blir det musikkundervisning og kanskje noko dataopplæring. All kunnskap er etterspurt der så eg har blitt tatt vel i mot og gledar meg til å begynne.
Oj, plutseleg va det gått to veker sidan forrige oppdatering! Tida går fort, og ting har begynt å skje.
Eg har den siste veka blitt invitert heim til fleire av folka med Haba na Haba. Tirsdag var det familiemiddag med fisk og ugali, ikkje langt fra Haba na Haba. Onsdag blei eg teken med til Kiambiu slummen, ei av dei minste i Nairobi, for å sjå kor ein anna kar budde. Og heile søndag gjekk turen ut på landet, i strålande solskinn, for å møte nesten heile familien til ein tredje kar. Og soklart det blei det gruppe bilde:

Skal prøve å få lagt ut fleire bilder seinare.
No er foresten overlappingsperioden med Ingrid og Hermod over. Hermod reiste for nesten to veker sidan, mens Ingrid reiser på onsdag. So no er det kun meg og Ola frå Fredskorpset her. Men hjelp er på veg, søndag landar min kjære Cathrine og Kristin som skal ha sosionompraksis her i tre måna! Det blir kjekt!
Det var blei ein litt kort oppdatering, men eg skal prøve å komme tilbake med meir om ikkje so altfor lenge. Stay tuned!
I forrige veke blei studioet eg skal jobbe og vere med å drive gjort delvis ferdig, mest for å vise ungane i Watoto Wanna Say festivalen litt om musikkproduksjon. Me laga litt beats og spelte inn litt vokal for å vise korleis musikkproduksjon og cdinnspeling fungerar. Ungane var i topp stemning over å få vera i eit studio. Det gjenstår enno noko arbeid i studioet, men basis utstyret til å ta opp med e på plass. Det er ikkje so veldig fancy eller avansert, men eg trur det skal kunne fungere fint som eit lavbudsjetts studio. Itillegg er det jo også ganske spesielt at det i det heile finst eit lydstudio i Mathare, men takka vere ein godt prosjekt lokalt og støtte utanfrå er det blitt til.

Ein kar som var på besøk prøver seg på litt trommeprogrammering
Studio monitorane er ikkje på plass, so me brukte ein PA høgtalar. Opptaksprogramme er Cubase som eg ha sotte å jobba litt med idag for å lære meg det, virka ganske greitt. Blir spennande å sjå om det kjem nokon gode produksjonar ut av studioet med tida. HipHop og rap virkar til å stå folka ved Haba na Haba nært, i tillegg til afrikanskmusikk og reggea.

Vokalmikken er satt opp og klar til opptak!
Det som må gjerast framover i studioet er å få betre opptaksforhold. Slik studioet er bygd no er det dobble veggar mellom opptaksrommet og kontrollrommet (bra), men inni opptaksrommet er det flate gipsveggar som gir ein kunstig og dårlig klang. Rommet er heller ikkje veldig stort, til større greier, so det blir spennande å sjå om me kjem til å får gjort trommeopptak der. Om nokon har tips til ein billeg løysing for å betre akkustikken og dempe romlyden tas det gjerne imot! Akkurat no er det teppe på golve, og noko gardin lignande på veggane og i taket som er som er planen.
Har ikkje fått teke so veldig mange bilde sidan eg kom ned hit med speilrefleks kameraet, men noken har det blitt. Fekk veldig positive tilbakemeldingar på det forrige eg la ut, so her kjem eit par til av dei. Samt noken fra ein skule i Mathare som heite St. Michael Childrens Educational Center. Bilda virka meir triste enn slik eg egentlig oppfatta realiteten, men når eg var på St. Michael var strømmen vekke som ga noken veldigt fint lys.
- To ungar som var ved Haba na Haba, veldig fotogene
- Gang inne på skulen
- Fann og ei liten gutt som sov inne i eit klasserom
- Syns lyset gjennom glaset blei veldig fint, sjølv om det gjer bildet veldig trist
- Gang mellom klasserom
- Utsida av skulen
- Inne på eine kontoret hang dette, syns det var ein litt spesiell kombinasjon
St. Michael er foresten ein skule som Haba na Haba samarbeidar med. Dei har eit eige brassband som blei starta for ikkje så lenge sidan og på 17. mai i år var dei ved den norske skulen og spelte mellom anna den norske nasjonalsangen.
Helga har foresten vore lang. Konsert på lørdag og konsert idag med Play Back gjengen. Veldig gode tilbakemeldingar frå publikum idag etter opptreden under ein samling for Nairobi Rotary.































