I forrige veke blei studioet eg skal jobbe og vere med å drive gjort delvis ferdig, mest for å vise ungane i Watoto Wanna Say festivalen litt om musikkproduksjon. Me laga litt beats og spelte inn litt vokal for å vise korleis musikkproduksjon og cdinnspeling fungerar. Ungane var i topp stemning over å få vera i eit studio. Det gjenstår enno noko arbeid i studioet, men basis utstyret til å ta opp med e på plass. Det er ikkje so veldig fancy eller avansert, men eg trur det skal kunne fungere fint som eit lavbudsjetts studio. Itillegg er det jo også ganske spesielt at det i det heile finst eit lydstudio i Mathare, men takka vere ein godt prosjekt lokalt og støtte utanfrå er det blitt til.

Ein kar som var på besøk prøver seg på litt trommeprogrammering
Studio monitorane er ikkje på plass, so me brukte ein PA høgtalar. Opptaksprogramme er Cubase som eg ha sotte å jobba litt med idag for å lære meg det, virka ganske greitt. Blir spennande å sjå om det kjem nokon gode produksjonar ut av studioet med tida. HipHop og rap virkar til å stå folka ved Haba na Haba nært, i tillegg til afrikanskmusikk og reggea.

Vokalmikken er satt opp og klar til opptak!
Det som må gjerast framover i studioet er å få betre opptaksforhold. Slik studioet er bygd no er det dobble veggar mellom opptaksrommet og kontrollrommet (bra), men inni opptaksrommet er det flate gipsveggar som gir ein kunstig og dårlig klang. Rommet er heller ikkje veldig stort, til større greier, so det blir spennande å sjå om me kjem til å får gjort trommeopptak der. Om nokon har tips til ein billeg løysing for å betre akkustikken og dempe romlyden tas det gjerne imot! Akkurat no er det teppe på golve, og noko gardin lignande på veggane og i taket som er som er planen.