Archives for the month of: september, 2009

No blei eg litt happy! Såg nettop at eg idag har passert 1000 treff på bloggen min sidan eg starta å blogge i midten av juni. Tusen takk til alle sammen so ha vore innpå å lese, skal prøve å fortsette å underholde(?) alle vidare.

Ellers idag har eg jobba i studio saman med tre andre karar, på tre forskjellige prosjekt. Det går i hip-hop med litt forskjellig stilblanding. Eg er spent på å sjå kva me kan få til i studioet iløpet av året. Moglegheitane er iallefall mange. Eg har også fått sett saman ei gruppe frå Haba na Haba som eg skal begynne å lære opp fra torsdag av, i lyd og diverse teknikar arbeid. Litt teori og eindel praktisk står på programmet.

I helga var eg foresten «up-country» igjen. Saman med Cathrine, Kristin og Ola med familie tok Goddie oss med heim til seg på landet. Me reiste først heimom til han, der mora har ein liten gård, forså å reise til ein idyllisk lite «parkannlegg» der me slappa av. Der koste me oss unna storbylivet i frisk luft og postkort Afrika omgivnadar, Einaste so mangla var at me ikkje fekk sett noken ville dyr :p

Elva ved siden av der me tilbrakte mesteparten av dagen

Elva ved siden av der me tilbrakte mesteparten av dagen

Seinare for me tilbake til gården, der det blei servert noko som heiter mokimo. Ein blanding av bønner, grønsake, potete, litt kjøtt og eindel anna ting. Ikkje værst.

Lille Åsmund var ganske begeistra for kua på gården

Lille Åsmund var ganske begeistra for kua på gården

Cathrine og Åsmund

Cathrine og Åsmund

Til slutt må eg inkludere eit bilde av Goddie, guiden vår, s0m eg har blitt kjent med her i Nairobi. Han har vel også vore guide for meg i det meste om korleis livet i Kenya er.

Dagens guide

Dagens guide

Advertisements

I dag har eg hatt min første undervisningstime ved St. Michael i Mathare. Har nemt skulen, og eit par bilder, i eit tidlegare innlegg. På timeplanen sto rytmelære, som skal vere ein del av musikkteoriundervisninga til Ola. Undervisninga blei teken fra grunnen av med fjerdedelar, halvnotar og heilnotar, samt pausar. Til at det var første gang at mange av dei hadde slik undervisning følte eg at dei tok det veldig fort, sjølv om eg til tider måtte kjempe litt slik at ingen skulle klappe når det var pause.

Eg gledar meg til å skulle undervise ved St. Michael igjen, og også prøve å starte opp eigne undervisningsopplegg. Skal, om det blir mulighet for det, ha data opplæring både for elevar og lærarar, og kanskje det kan komme eit film prosjekt. Tida vil vise, eg har fått bortimot frietøyle.

Ellers hadde eg ein kjempefin opplevelse på tirsdag når eg gjekk gjennom ein del av Mathare aleine, etter å ha levert Cathrine og Kristin ved St.Michael. Det er vel eigentleg noko som berre må opplevas for å få følinga med det, men det var mange smilande ungar som kom springane mot meg som ropte «how are u?», mens mødrene satt på sida av vegen ved husa og lo, og syns det var like artigt som meg. Det er ikkje daglegdags at ein «kviting» kjem gåande aleine i Mathare, så det kan vere ein oppleving for begge partar. Eg kjem nokk til å ta den turen igjen, og gjorde vel forsåvidt det i dag sidan eg skulle hente Cathrine og Kristin på vegen heim fra Haba na Haba.

Skal prøve å få teke noken bilder av dei fantastiske ungane som er rundt omkring her og legge dei ut seinare. Men sidan eg likar å inkludere bilde i postane eg skriv, får eg legge ut eit par andre. Her er to frå ein gang eg leika meg med kort lukkartid:

Splashing water

Splashing water 2

Eg må berre få sagt det først som sist: Nettavhengigheten min som eg hadde heime i fedrelandet har dalt kraftig, eg er ikkje so ofte på nett og gjer meg raskare ferdig, sjekke mail/facebook->ferdig. Og det går soklart også utover aktiviteten min her på bloggen. Tenker ofte på å blogge om livet her, men har liksom ikkje fått sett med ned å skreve om kva som skjer.

På ein måte har vel også ting roa seg veldig for meg. Eg har den siste tida blitt komfortabel med å reise rundt på eigahand, og eg kan sånn cirka finna vegen rundt omkring i sentrum. Men alle mine erfaringar etter seks/sju veker her har denna veka blitt sett på prøve. Forrige søndag landa min kjære Cathrine og Kristin, etter ein ca 50 timar lang reisetur fra Noreg til Nairobi. Dei skal ha praksis her fram til jul ved Haba na Haba og St. Michael. I løpet av veka har eg fått prøvd meg som guide for dei, drege dei med på matato til både Eastleigh og Nairobi sentrum, samtidig som eg har fortalt om mine erfaringar frå bylivet. Det har vore veldig kjekt, og eg trur dei har kosa seg og sjølv om ting og tang kan vere litt forvirrande og rart i starten. Det syns eg iallefall at det var, det er spesielt å sjå korleis livet i Mathare er og korleis takle den travle trafikken.

No står ei ny veke for tur og eg kjenner meg klar. Denne veke skal eg begynne med eit opplegg ved St. Michael, nøyaktikt kva veit eg enda ikkje, men saman med Ola blir det musikkundervisning og kanskje noko dataopplæring. All kunnskap er etterspurt der så eg har blitt tatt vel i mot og gledar meg til å begynne.

Oj, plutseleg va det gått to veker sidan forrige oppdatering! Tida går fort, og ting har begynt å skje.

Eg har den siste veka blitt invitert heim til fleire av folka med Haba na Haba. Tirsdag var det familiemiddag med fisk og ugali, ikkje langt fra Haba na Haba. Onsdag blei eg teken med til Kiambiu slummen, ei av dei minste i Nairobi, for å sjå kor ein anna kar budde. Og heile søndag gjekk turen ut på landet, i strålande solskinn, for å møte nesten heile familien til ein tredje kar. Og soklart det blei det gruppe bilde:

Finn ein feil :p

Skal prøve å få lagt ut fleire bilder seinare.

No er foresten overlappingsperioden med Ingrid og Hermod over. Hermod reiste for nesten to veker sidan, mens Ingrid reiser på onsdag. So no er det kun meg og Ola frå Fredskorpset her. Men hjelp er på veg, søndag landar min kjære Cathrine og Kristin som skal ha sosionompraksis her i tre måna! Det blir kjekt!

Det var blei ein litt kort oppdatering, men eg skal prøve å komme tilbake med meir om ikkje so altfor lenge. Stay tuned!