Eg har i dei 2,5 månadane eg har vore her i Nairobi kost meg stort med fint vær. Det har vel knapt vore regn dei første månadane her. Når eg kom i august skulle det eigentleg ha vore regntid her, men på grunn av den globale oppvarminga har regntidene begynt å bli uregelmessige. På landsbygdene har dette ført til store kriser med avlingane. Og her i byen har dette ført til rasjonering av både vatn og straum. Straumrasjoneringa er no over, men vatne er først forventa tilbake når oktober er over.
Men no ligg det muligens an til ei forandring, det har vore varsla sidan september at det skal komme eit værfenomen kalla El-Niño, ei massiv regnbye. Dei siste dagane har det komme fleire kraftige regnbye, men dei har foreløpig berre vore periodevis og ikkje altfor lange. Det skumle er kva som skjer viss det blir kraftig regn over tid.
Det eg tenkjer mest på er då folka som bur i slummen, folka i Mathare og alle dei andre slummane i Nairobi. Det er ikkje noko serleg stødige konstruksjonar mange av husa er bygd av og gatene er laga av jord som automatisk vil bli gjørme. Eg las i avisa her om dagen at i ein slum har dei rive ned hus for å lage nødtrassear for redningsmanskap ned i slummen. I Mathare har det dei siste vekene vore mykje graving av nye grøfter, og rensing av eksiterande. Men kor masse dette hjelp når alt bosset som ligg i gatene kjem til å samle seg opp og blokkere rennene, veit eg ikkje.
Sist det kom ein El Niño, 1997, vart det ei stor krise, og myndigheitene var ikkje førebudde på det. Mange tok seg då fri frå jobben og jobba som frivillige med bl.a. suppekjøkken osv. Spørsmålet er om folk er nokk forberedt denna gangen? Snakka her eindag med ein so bur i Mathare, og spurte om han var forberedt på El Niño. Og fekk svaret «El Niño?»
På ei anna side er det kanskje ikkje så altfor mykje å bekymre seg for. Det dårlege været blei først spådd i september, og so taxisjåføren sa når eg spurte «People say alot». Andre har hevda at El Niño ikkje vil ramme Nairobi og at me istadenfor berre får ei vanleg regntid. Tida vil vise, eg trur ialelfall at eg skal skaffe meg ein paraply og eit par gode sko.