Da var det ei stund sia eg hadde blogga, og litt forksjellig ha skjedd. Eg er tilbake i Noreg og har flytta til Oslo der eg har begynt rett på 2. året på produksjonsledelse ved Film og TV avdelinga til NISS. Det har til tider vore nokre travle månadar, spesielt august, då eg kom heim, flytta og starta på skule igjen. Men no har heldigvis ting roa seg, og det går for det meste kun i skule. Eg har fiksa litt på designet for bloggen og har framover tenkt å bruka den til å fortelle kort om kva som skjer å rører seg for meg og artige ting som måtte dukke opp. Har og laga ei portfolie side eg tenkte eg kunne fylle med diverse bilde og andre ting. Det er eigentleg veldig spannande å ha ein blogg, for å få ut sine eigne tankar om ting og tang. Og det er veldig enkelt å ha meiningar og idear rundt ting og tang, og da er ein blogg ein kjempesjanse å kunne dele dei vidare. Desverre helde alltid ikkje desse ideane for meg og eg gløymer å blogge om kva som skjer, men me får sjå kor ofte eg kjem til å blogge framover.

Var ein fototur langs Akerselva på søndag

Men no eit lite tilbakeblikk

Rett før eg reiste heim frå Nairobi produserte eg ei låt til for Billian og Mandela, og rakk akkurat å spele den inn, mikse og vere med på dela av innspeling av musikkvideo. Låten blei artig den, syns eg, og at det blei ei musikkvideo er jo artigt. Må sei at eg sakna Kenya, Nairobi og kjensfolka der når eg ser den.

Fleire tilbakeblikk skal komme etterkvar som eg får styr på bilda mine, portfolie osv… Eg beheld og «Vidar doing it african style», mest fordi eg ikkje får det vekk, men og fordi eg kan ha ein afrikansk tvist på innlegga her.

Advertisements