Archives for category: St. Michael

Oppdaterings frekvensen på bloggen blir visst ikkje so mykje bedre, men her kjem litt nytt.

I begynnelsen av februar starta eg ein liten fotoklasse på St. Michael. Lena, Cynthia, Teddy og Willard skulle lærast korleis ta bilde! Eg har vel med tida skjønt at det kan vera litt vanskleg å læra to sjetteklassingar og to åttendeklassingar å ta akkurat bilda på den måten eg tenke, men dei er ganske flinke, og blir bedre! Problemet er mest når eg gir ei spesifikk oppgåve og får litt varierande resultat. Det som ha fungert best er rett å slett å la dei låne kompakt kameraet mitt over helga, og gi tilbakemelding i timen mandag. Her er nokon bilete:

Elevane i klassen

Nokon som jobba med eit byggeprosjekt ved sidan av St. Michael

Morgenstund heime hos ein av elevane

Veggane til St. Michael er mala med diverse nyttig info, blandt anna kart over Afrika

Ellers er Haba na Haba på flyttefot. Utstyr og diverse er flytta til Mysa sitt bibliotek i Eastleigh, dei fleste av aktivitetane fortsette herifra til nytt hus er på plass. Det er soklart ei stor utfording å skifte plass, men forhåpentligvis finn Haba na Haba eit hus som vil kunne romme alle aktivitetane på ein god måte. Sidan aktiviteten er flytta til biblioteket har eg fått sett arbeidet som foregår der, noko som er ganske fantastisk. Biblioteket er fritt tilgjengelig for alle som vil og i tillegg til bøke er det mykje ein kan lære der saman med dei frivillige som jobbar der.

Sende til slutt ein tanke til Cathrine som jobbar med bacheloroppgåva i Norge. Det er eit slit, men du klara det!

Advertisements

I dag har eg hatt min første undervisningstime ved St. Michael i Mathare. Har nemt skulen, og eit par bilder, i eit tidlegare innlegg. På timeplanen sto rytmelære, som skal vere ein del av musikkteoriundervisninga til Ola. Undervisninga blei teken fra grunnen av med fjerdedelar, halvnotar og heilnotar, samt pausar. Til at det var første gang at mange av dei hadde slik undervisning følte eg at dei tok det veldig fort, sjølv om eg til tider måtte kjempe litt slik at ingen skulle klappe når det var pause.

Eg gledar meg til å skulle undervise ved St. Michael igjen, og også prøve å starte opp eigne undervisningsopplegg. Skal, om det blir mulighet for det, ha data opplæring både for elevar og lærarar, og kanskje det kan komme eit film prosjekt. Tida vil vise, eg har fått bortimot frietøyle.

Ellers hadde eg ein kjempefin opplevelse på tirsdag når eg gjekk gjennom ein del av Mathare aleine, etter å ha levert Cathrine og Kristin ved St.Michael. Det er vel eigentleg noko som berre må opplevas for å få følinga med det, men det var mange smilande ungar som kom springane mot meg som ropte «how are u?», mens mødrene satt på sida av vegen ved husa og lo, og syns det var like artigt som meg. Det er ikkje daglegdags at ein «kviting» kjem gåande aleine i Mathare, så det kan vere ein oppleving for begge partar. Eg kjem nokk til å ta den turen igjen, og gjorde vel forsåvidt det i dag sidan eg skulle hente Cathrine og Kristin på vegen heim fra Haba na Haba.

Skal prøve å få teke noken bilder av dei fantastiske ungane som er rundt omkring her og legge dei ut seinare. Men sidan eg likar å inkludere bilde i postane eg skriv, får eg legge ut eit par andre. Her er to frå ein gang eg leika meg med kort lukkartid:

Splashing water

Splashing water 2