Archives for category: Uncategorized

Tida går fort, og plutselig var jula over og eg er plutselig over 4 veke inn andre del av oppholdet mitt i Nairobi! Eg hadde fire fine veke heime på Kaupanger, i Bergen og i Volda, veldig godt å vera heime. Men no er eg godt i gang med andre og siste del av oppholdet mitt her.

Når eg kom tilbake var det rett i arbeid. Viken Folkehøgskule var på besøk på Haba na Haba, dei hadde fleire workshops og konsertar saman med Haba na Haba. Første konsert var i Nakuru med ei gruppe lignande Haba na Haba, kalla Tapev.

Konsert i eit slumområde i Nakuru

Neste konsert var i Mathareslummen ved St. Michael. Konserten der blei ein kjempesuksee. Masse folk kom strømmande t, og omgivelsane va veldig spesielle, men utruleg kule!

Konsert ved uteområdet til St. Michael

Ellers har eg også flytta, no bur eg i Westlands som er ein heilt anna bydel enn Buru Buru der eg budde før. Trivst godt her, i eit kollektiv med 5 andre kjekke folk. Har øka avstanden til jobb betraktelig, men det har gått veldig greitt den første tida iallefall. Bilde vil forhåpentligvis komme seinare!

På plakaten framover no står besøk! Imåro kjem pappa og mamma Stadheim, pluss søster Stadheim! Dei skal vera i Kenya i to veker og eg ha fylt opp programmet med safari, mombasa og nairobi! Trur det skal bli to knall veker!Det er ikkje so lenge sia eg hadde ferie, men det skal bli artigt å feriere i Kenya og!

Og når eg nemner besøk, kan eg og bekrefte at frk. Gaassandsen kjem hit 15. juni og blir t det e heimereise for meg! Gler meg masse, det e uvandt å ikkje ha ho her!

Advertisements

Ny post, nye bilder! Endelig!(?)

Laga ein litenbildeserie frå St. Michael, skulen eg jobbar på i Mathare. Prøvde å bruka svart/kvitt og høg brightness for å lage ein felles effekt for bilda.

Alle som går ved St. Michael kjem frå veldig fattige kår, men alle ungane har eit fantastisk smil og er kjempeglad i å bli teken bilde av. Skal komme med meir seinare frå livet i Kenya, intill vidare: Enjoy!

No blei eg litt happy! Såg nettop at eg idag har passert 1000 treff på bloggen min sidan eg starta å blogge i midten av juni. Tusen takk til alle sammen so ha vore innpå å lese, skal prøve å fortsette å underholde(?) alle vidare.

Ellers idag har eg jobba i studio saman med tre andre karar, på tre forskjellige prosjekt. Det går i hip-hop med litt forskjellig stilblanding. Eg er spent på å sjå kva me kan få til i studioet iløpet av året. Moglegheitane er iallefall mange. Eg har også fått sett saman ei gruppe frå Haba na Haba som eg skal begynne å lære opp fra torsdag av, i lyd og diverse teknikar arbeid. Litt teori og eindel praktisk står på programmet.

I helga var eg foresten «up-country» igjen. Saman med Cathrine, Kristin og Ola med familie tok Goddie oss med heim til seg på landet. Me reiste først heimom til han, der mora har ein liten gård, forså å reise til ein idyllisk lite «parkannlegg» der me slappa av. Der koste me oss unna storbylivet i frisk luft og postkort Afrika omgivnadar, Einaste so mangla var at me ikkje fekk sett noken ville dyr :p

Elva ved siden av der me tilbrakte mesteparten av dagen

Elva ved siden av der me tilbrakte mesteparten av dagen

Seinare for me tilbake til gården, der det blei servert noko som heiter mokimo. Ein blanding av bønner, grønsake, potete, litt kjøtt og eindel anna ting. Ikkje værst.

Lille Åsmund var ganske begeistra for kua på gården

Lille Åsmund var ganske begeistra for kua på gården

Cathrine og Åsmund

Cathrine og Åsmund

Til slutt må eg inkludere eit bilde av Goddie, guiden vår, s0m eg har blitt kjent med her i Nairobi. Han har vel også vore guide for meg i det meste om korleis livet i Kenya er.

Dagens guide

Dagens guide

Eg må berre få sagt det først som sist: Nettavhengigheten min som eg hadde heime i fedrelandet har dalt kraftig, eg er ikkje so ofte på nett og gjer meg raskare ferdig, sjekke mail/facebook->ferdig. Og det går soklart også utover aktiviteten min her på bloggen. Tenker ofte på å blogge om livet her, men har liksom ikkje fått sett med ned å skreve om kva som skjer.

På ein måte har vel også ting roa seg veldig for meg. Eg har den siste tida blitt komfortabel med å reise rundt på eigahand, og eg kan sånn cirka finna vegen rundt omkring i sentrum. Men alle mine erfaringar etter seks/sju veker her har denna veka blitt sett på prøve. Forrige søndag landa min kjære Cathrine og Kristin, etter ein ca 50 timar lang reisetur fra Noreg til Nairobi. Dei skal ha praksis her fram til jul ved Haba na Haba og St. Michael. I løpet av veka har eg fått prøvd meg som guide for dei, drege dei med på matato til både Eastleigh og Nairobi sentrum, samtidig som eg har fortalt om mine erfaringar frå bylivet. Det har vore veldig kjekt, og eg trur dei har kosa seg og sjølv om ting og tang kan vere litt forvirrande og rart i starten. Det syns eg iallefall at det var, det er spesielt å sjå korleis livet i Mathare er og korleis takle den travle trafikken.

No står ei ny veke for tur og eg kjenner meg klar. Denne veke skal eg begynne med eit opplegg ved St. Michael, nøyaktikt kva veit eg enda ikkje, men saman med Ola blir det musikkundervisning og kanskje noko dataopplæring. All kunnskap er etterspurt der så eg har blitt tatt vel i mot og gledar meg til å begynne.

Har ikkje fått teke so veldig mange bilde sidan eg kom ned hit med speilrefleks kameraet, men noken har det blitt. Fekk veldig positive tilbakemeldingar på det forrige eg la ut, so her kjem eit par til av dei. Samt noken fra ein skule i Mathare som heite St. Michael Childrens Educational Center. Bilda virka meir triste enn slik eg egentlig oppfatta realiteten, men når eg var på St. Michael var strømmen vekke som ga noken veldigt fint lys.

St. Michael er foresten ein skule som Haba na Haba samarbeidar med. Dei har eit eige brassband som blei starta for ikkje så lenge sidan og på 17. mai i år var dei ved den norske skulen og spelte mellom anna den norske nasjonalsangen.

Helga har foresten vore lang. Konsert på lørdag og konsert idag med Play Back gjengen. Veldig gode tilbakemeldingar frå publikum idag etter opptreden under ein samling for Nairobi Rotary.

Igår morgen ankom eg Nairobi!  Blei vel motteken av ein kjenning, Aplhonse so ha vore på utveklsing i Volda. Blei teken med til der eg skal bu første måneden, for seinare å bli teken med på rundtur, først til Mysa sitt hovedkvarter og vidare til Mathare der Haba na Haba er, min arbeidsplass. Der skulle det vere den faste lørdagskonserten, men pga at strømmen va vekke blei det ikkje noke av.

Etterpå blei eg med ein gjeng inn til Nairobi sentrum for lunch og etterpå reiste me å besøkte Ola med familie, som har fonne seg vel tilrette ved den norske skulen. Middag blei det hos Ingrid seinare før eg kom meg heim igjen. Nairobi e ikkje skummelt, iallefall ikkje enda (trur eg :P) men det e ein heil del å bli vandt til. Whitest boy alive!

Idag har det vore ein rolig dag, vore å sett fotballkamp med Mathare United (vann 2-0) og ute å ete mat og smakt på den berømte Tuskeren! No e det godt å sitte å slappe av heime før det e på an igjen imåro, spent på kva dagen vil inneholde!

Har foresten blitt fortalt at det er vinter her no, men eg syns det no er rimelig heitt på dagen når sola er framme. Spendt på korleis sommar er! Hehe..

Om 5 døgn sitt eg på denne tida på flyet frå Heathrow til Nairobi. Det er skummelt kort tid, men samtidig føler eg at eg begynnar å bli klar til å reise. Sommarfuglane har meldt sin ankomst etter at eg har sotte litt i telefon med både koordinatorane av prosjektet i Volda og kollega Ola. Samtidig fekk eg på fredag fekk kjøpt meg ein flott 13″ macbook, som skal bli med ned, og idag fekk eg endeleg solgt iMacen min. Den er straks klar til å bli formatert, vaska og pakka ned til sending.

Tenkte eg skulle fortelle litt om min jobb det neste året:

1. august begynner eg i jobb i Mathare slummen i Nairobi, Kenya. Her skal eg jobbe i ein kulturorganisasjon kalla Haba na Haba, som ligg under den store sportsorganisasjonen MYSA. Eg er ansatt ved Høgskulen i Volda gjennom Fredskorpset, og skal jobbe i Mathare i eitt år.

Det eg skal jobbe med er å vere med å starte eit lavbudsjetts lydstudio ved eit kultursenter i slummen, og kanskje seinare ein radiostasjon. Lydstudioet skal vere ein aktivitiet som skal kunne føre til inntekter for Haba na Haba og i framtida kunne la det leve vidare utan bistandsmidlar. Eg syns dette prosjektet er veldig spennande og er spent på å sjå korleis eg vil gli inn i arbeidet der nede.

Ellers kjem også arbeidsoppgåvene å gå i sosialarbeidar ting, spesielt i forhold til Playback prosjektet som er ei vidareføring av det norske Merkesteinane og grunnlaget for jobben min i Nairobi. Playback og Merkesteiane handlar om tilpassa musikk for psykisk utviklingshindra og å få desse fram deira eigenskapar i samfunnet. Mykje av arbeidet eg skal gjere og delta i er eg enda ikkje heilt sikker på, men det er slikt som kjem på plass når eg er i Nairobi.

Saman med meg frå Noreg skal eg ha med meg Ola Mo, som skal vere min nermaste kollega i prosjektet. Me overteke etter Ingrid og Hermod som har jobba i Nairobi i henholdsvis to og eitt år. Ola tek foresten med seg heile familien på kone og 3 ungar til Kenya! Ei kjempe utfordring, men og ein kjempe sjanse for dei! Forhåpentligvis vil mitt og Ola sitt sammarbeid fungere flott og me får eit fantastisk å i Kenya.

Igår var det foresten kun to veker til avreise!

Idag ha eg rømt frå flytting og pakking til Bergen for å ta eit par dagar fri her. Kjekt å ta seg ein tur, men måtte sitte eit par timar på nett å fikse ting rett etter eg var på plass her. Usikker på kor lenge eg blir her, men det blir ikkje lenger enn nett over helga desverre.

Ikveld ha eg sett Brüno som kan anbefalast på det sterkaste, men ta med ein god dose humor den kan vere litt sterk :p

Hei kjære lesar!

Om 18 daga forlate eg kjære Noreg og flyttar til Afrika, nærare bestemt Nairobi i Kenya. Der skal eg delta som bistandsarbeidar i eit prosjekt i Mathare slummen og bu i Nairobi i eit heilt år. Eg gledar meg stort til å reise ned, men er veldig spent på kva som ventar meg!

Denne bloggen vil i første omgang handla om mitt opphold i Kenya og kva som rører seg i mitt liv, billete vil det forhåpentligvis bli masse av. Meir om meg og mitt kjem etterkvart, ha ein fin kveld!