Som nemt i forrige bloggpost var eg i går på besøk hos mikrofinansorganisasjonen Jamii Bora, som nylig har blitt bank, saman med ein delegasjon frå Strømmestiftelsen. Og ein tur til Jamii Boras bustadsprosjekt utafor Nairobi i Kapetei. Eg likte veldig masse av det eg såg, men fekk og ein del tankar om korleis ting vil utvikle seg framover.

Bankfilialen ved Jamii Bora sitt hovedkvarter

Jamii Bora blei etablert som foretak i 1999 av Ingrid Munro, kona til Bob Munro som starta Mysa i 1987. Det heile starta med at Ingrid lovde 50 fattige i Nairobi at dersom dei sparte pengar skulle ho ordne med at nokon skulle gi dei det doble i lån. Denne gruppa klarde å spare opp 8000 shilling (som med dagens kurs ville vært mellom 500-600 kr) og kom med dette til Ingrid og ville at ho skulle oppfylle løftet sitt. Samtidig med detta var ein kar med namn Johannes frå Strømmestiftelsen der og Ingrid fekk han til å møte gruppa si. Me var så heldige å få møte Johannes på Jamii Bora kontoret og fekk høyra heile historien om når han tok opp lommeboka si og ga ut 16.000 shilling, som var meir peng enn nokon av dei fattige hadde sett. Og slik starta Jamii Bora.

Konseptet som blei utvikla, og fortsatt gjeld i dag, er at fem personar må gå saman. Først må dei spare minimum 50 shilling i veka i 6 veker, deretter får ein av medlemmane eit lån på det dobbelte av det han har spart (maks 10.000). Når førstemann har betalt tilbake, får neste lån osv. I dag tilbyr Jamii Bora i tillegg rimeleg helse- og katastrofeforsikring, huslån og masse meir for fattige, i tilegg til å drive opplæring i korleis starte ein buisness.

Planteikning for det ferdige Kapetei

Jamii Bora har iløpe av 11 år utvikla seg hurtigt og blitt den største mikrofinansorganisasjonen i Afrika. Og har eit stort busettingsprosjekt i Kapetei. Her held dei på med å bygge ein by der medlemmar frå f.eks. slummen skal kunne få huslån og kjøpe seg eit romsleg hus. Prosjektet er i enda under bygging, sjølv om nokon av husa er allereie busett. Det skal byggast til sammen 2.000 hus som skal romme 10.000 menneske, med innlagt vatn, avfallshåndtering av både søppel og resirkuleing av vatn. Skule er på plass, og under utvikling er ein marknadsplass og eit lett industri område.

Det meste av byggebrikkane til byen bli laga rett ved byen og av folka som skal bu der

Det er store forhåpningar til dette prosjektet, og det var med litt skeptiske augne eg var på omvisning. Kven vil busette seg her? Korleis vil miljøet bli? Korleis skal alt bli sjølvstendig og fungere? Det er veldig masse av grunlaget for Kapetei som er veldig idealistisk og bra, men korleis vil ein person som er født og oppvokst i Mathare reagere på å skulle bu her? Klarar ein den store omveltningen? Og korleis vil byen være 20 år etter den er fullt busett? Det blir spannde å sjå i framtida kva som vil skje, eg er i allefall interesert i å følgje det vidare.

Advertisements