Oj, plutseleg var julafta her og eg ha ikkje blogga på ei stund, slikt skjer. Og litt av kvart har skjedd: Eg er no heime i Norge på juleferie, kom heim forrige onsdagog blir verande til over nyttår. Det var ein liten opplevelse å komme heim, det var stille på flybussen fra Haukåsen som bevega seg sakte gjennom snølandsskapet, ingen andre bila på vegen og kun ein stille summing av motoren til bussen. Eg satt bak i bussen og tenkte for meg sjølv på forskjellane til Nairobi.

Eg oppdaga no at eg ikkje hadde blogga på 2 månadar, ops, men eg vil påstå at eg har vore opptatt og ikkje alltid hatt tid til å oppdatera bloggen. Har vel hatt tid, det tek ikkje so lang tid, men men. På programmet dei siste to månadane har eg blandt anna vore på safari til Masai Mara, me hadde stort besøk frå Høgskulen i Volda som var å sjekka opp praksis plassen til Cathrine og Kristin og fekk ein presentasjon av prosjektet til meg og Ola. Eg trur møtet med Mathare og Eastleigh sette eit godt inntrykk på dei. Ellers har tida gått veldig fort, små happenings kvar dag. Eg gledar meg tl å skulle ned igjen i januar, da flyttar eg også inn i ein ny bustad, noko eg gledar meg stort til.

Dagen i dag blir feira med familie på Kaupanger. Cathrine har vore her i nesten ei veke og holdt meg med selskap i førjulstida, og eg skal til Bergen i romjula og helse på folket der. På nyåret blir det ein tur til Volda før kursen blir sett mot Nairobi igjen, og da skal eg ikkje tilbake til fedrelandet før i august!

Eg er veldig spent på kva det nye året vil bringa, og eg er sikker på at eg kjem til å få utfordringar og opplevelsar i fleng. Spesielt i Nairobi, men returen til Norge vil nokk ikkje bli stille den heller, må jo finne på noko spanande når eg er tilbake.

Riktig god jul til deg og dine! Håpar at alt de manglar ligg under treet idag!

Advertisements