Archives for posts with tag: Mathare

Forrige søndag var eg på tur rundt i Mathare og omliggande område saman med ein god venn, Joshe, i sju timar. Me vandra rundt i Mathare, Huruma, Kariobangi og Korogotcha, og eg fekk sett masse frå dei ulike områda og kor stort Mathare e. For ette sju timar har eg ikkje sett alt enda, men det var veldig kjekt å bli teken med utafor der eg vanligvis vandrar.

På turen var soklart kameraet mitt med, og det blei eindel bilder i løpe av dagen. Det blei eigentleg veldig mange bilde, som store delar av kunne gått inn på bloggen. Men det måtte bli med eit utdrag, med mest frå starten av turen sidan eg etterkvar oppdaga at det blei eindel bilde.

Bilda kan vere litt voldsomme med masse søppel og langt frå noken norsk levestandard, men det leve veldig mange menneske i Mathare og det e heimen deira. Noko som eg syns e viktig å tenka sjølv om ein ikkje tenkjer på dette som levelege forhold i Noreg. Eg vil og sei at eg ha blitt ganske herda for inntrykk av søppel og forskjellig, og ser glimt av livet som befinn seg i slummen med masse smilande ungar og folk som syns det er veldig artigt at ein mzungo (kviting) går forbi.

Eg driv å har planar om å lage eit stort bilde (oppmot ein gigapiksel) av Mathare, og gjorde eit forsøk på det (blei 0,1 gp), men resultatet må arbeidast litt med det.

I dag ha eg foresten vore å besøkt banken og mikrofinansorganisasjonen Jamii Bora og høyrt om arbeidet deira. Besøkte og Jamii Bora siit bustadsprosjekt i Kapetei. Skal få ut ein bloggpost om det snart, trur eg 😀

Advertisements

Oppdaterings frekvensen på bloggen blir visst ikkje so mykje bedre, men her kjem litt nytt.

I begynnelsen av februar starta eg ein liten fotoklasse på St. Michael. Lena, Cynthia, Teddy og Willard skulle lærast korleis ta bilde! Eg har vel med tida skjønt at det kan vera litt vanskleg å læra to sjetteklassingar og to åttendeklassingar å ta akkurat bilda på den måten eg tenke, men dei er ganske flinke, og blir bedre! Problemet er mest når eg gir ei spesifikk oppgåve og får litt varierande resultat. Det som ha fungert best er rett å slett å la dei låne kompakt kameraet mitt over helga, og gi tilbakemelding i timen mandag. Her er nokon bilete:

Elevane i klassen

Nokon som jobba med eit byggeprosjekt ved sidan av St. Michael

Morgenstund heime hos ein av elevane

Veggane til St. Michael er mala med diverse nyttig info, blandt anna kart over Afrika

Ellers er Haba na Haba på flyttefot. Utstyr og diverse er flytta til Mysa sitt bibliotek i Eastleigh, dei fleste av aktivitetane fortsette herifra til nytt hus er på plass. Det er soklart ei stor utfording å skifte plass, men forhåpentligvis finn Haba na Haba eit hus som vil kunne romme alle aktivitetane på ein god måte. Sidan aktiviteten er flytta til biblioteket har eg fått sett arbeidet som foregår der, noko som er ganske fantastisk. Biblioteket er fritt tilgjengelig for alle som vil og i tillegg til bøke er det mykje ein kan lære der saman med dei frivillige som jobbar der.

Sende til slutt ein tanke til Cathrine som jobbar med bacheloroppgåva i Norge. Det er eit slit, men du klara det!

Ny post, nye bilder! Endelig!(?)

Laga ein litenbildeserie frå St. Michael, skulen eg jobbar på i Mathare. Prøvde å bruka svart/kvitt og høg brightness for å lage ein felles effekt for bilda.

Alle som går ved St. Michael kjem frå veldig fattige kår, men alle ungane har eit fantastisk smil og er kjempeglad i å bli teken bilde av. Skal komme med meir seinare frå livet i Kenya, intill vidare: Enjoy!

Eg har i dei 2,5 månadane eg har vore her i Nairobi kost meg stort med fint vær. Det har vel knapt vore regn dei første månadane her. Når eg kom i august skulle det eigentleg ha vore regntid her, men på grunn av den globale oppvarminga har regntidene begynt å bli uregelmessige. På landsbygdene har dette ført til store kriser med avlingane. Og her i byen har dette ført til rasjonering av både vatn og straum. Straumrasjoneringa er no over, men vatne er først forventa tilbake når oktober er over.

Men no ligg det muligens an til ei forandring, det har vore varsla sidan september at det skal komme eit værfenomen kalla El-Niño, ei massiv regnbye. Dei siste dagane har det komme fleire kraftige regnbye, men dei har foreløpig berre vore periodevis og ikkje altfor lange. Det skumle er kva som skjer viss det blir kraftig regn over tid.

Det eg tenkjer mest på er då folka som bur i slummen, folka i Mathare og alle dei andre slummane i Nairobi. Det er ikkje noko serleg stødige konstruksjonar mange av husa er bygd av og gatene er laga av jord som automatisk vil bli gjørme. Eg las i avisa her om dagen at i ein slum har dei rive ned hus for å lage nødtrassear for redningsmanskap ned i slummen. I Mathare har det dei siste vekene vore mykje graving av nye grøfter, og rensing av eksiterande. Men kor masse dette hjelp når alt bosset som ligg i gatene kjem til å samle seg opp og blokkere rennene, veit eg ikkje.

Sist det kom ein El Niño, 1997, vart det ei stor krise, og myndigheitene var ikkje førebudde på det. Mange tok seg då fri frå jobben og jobba som frivillige med bl.a. suppekjøkken osv. Spørsmålet er om folk er nokk forberedt denna gangen? Snakka her eindag med ein so bur i Mathare, og spurte om han var forberedt på El Niño. Og fekk svaret «El Niño?»

På ei anna side er det kanskje ikkje så altfor mykje å bekymre seg for. Det dårlege været blei først spådd i september, og so taxisjåføren sa når eg spurte «People say alot». Andre har hevda at El Niño ikkje vil ramme Nairobi og at me istadenfor berre får ei vanleg regntid. Tida vil vise, eg trur ialelfall at eg skal skaffe meg ein paraply og eit par gode sko.