Dette er eigentleg ein gammal sak eg skreiv for lenge sia, men treighet har gjort at den ikkje har blitt posta før no.

I fjor vår skreiv eg i bacheloroppgåva mi om deling på nett, og sette meg i den sammenhengen eindel inn i Pirate Bay saken og ulovleg spredning av materiale som er beskytta av opphavsrettigheiter. Første runde i Pirate Bay saka rulla på den tida for fullt, Hollywood og IFPI (norsk opphavsrettigheitsorganisasjon) forsøkte å sida lagt ned, og IFPI ville seinare også at Telenor skulle nekte norske nett brukarar å få tilgang til sida. IFPI tapte saken mot Telenor, mens Pirate Bay tapte, men sida fortsette vel eigentleg som før.

No skal eg ikkje legge meg så mykje om piratkopierings debatten i Noreg eller i USA, men etter eg kom til Nairobi har eg blitt veldig fasinert av ein ting: Her blir det solgt piratkopierte filmar og tv-seriar i store kvantum på kvart eit gatehjørne! Det er veldig begrensa utvalg i orginale DVDar, som er prisa til ein bortimot norsk pris, og som berre finst på den betre sida av byen.

Dei piratkopierte DVDane er ofte kraftig komprimert og kvaliteten veldig varierande. Ein kan få heile sesongar av seriar på ein DVD, eller «mega» pakkar med ti (meir/mindre?) filmar på ei plate. Kjøpte f.eks. Inglorious Bastards ein gang, ikkje serleg vellykka, den var rippa med kamera i kinosalen og omgjort t 4:3 format. Blei rimeleg skuffa, men fann den igjen ein anna gang og då var kvailiteten på plass. Bra gjekk det og når eg kjøpte sesong 4 av Prison Break og avslutnigsfilmen, på tre DVDar, til nette sum av ca 40 kroner. Dette er berre nokre eksempel, du har ingen garanti på kjøpet men ein har råd til å bomme ein del gonger før ein når butikkpris.

Max Manus

Ein dag var på veg heim fra jobb passera eg ein av dessa gateselgarane. Øverst i stabelen hans ligg faktisk MaxManus! Det var jo ei stor sak i Noreg når den blei lagt ut på Pirate Bay, og no hadde den komt til Nairobi. Soklart enda eg med å kjøpe DVDen til ca 8 kroner. Kvaliteten var topp, men noko hadde gått gale i tekstinga. Den var rett og slett latterleg! Blandt anna denne: «Hitler tømmer landet for troppar» blei oversett med «Hitler timber country troops»

Men til saken, det eg lurer på er: Kvifor kjempar opphavsrett forkjemparar so hardt og, etter mi meining, tapar så mykje i for eksempel Noreg og Sverige på å motarbeide den brøkdelen av befolkningen som lastar ned. Medan det i Kenya, og sikkert resten av Afrika, og ellers store delar av verda, foregår i enda større skala og er akseptert utan refleksjonar eller reaksjonar.

Advertisements