Archives for posts with tag: Nairobi

Da var det ei stund sia eg hadde blogga, og litt forksjellig ha skjedd. Eg er tilbake i Noreg og har flytta til Oslo der eg har begynt rett på 2. året på produksjonsledelse ved Film og TV avdelinga til NISS. Det har til tider vore nokre travle månadar, spesielt august, då eg kom heim, flytta og starta på skule igjen. Men no har heldigvis ting roa seg, og det går for det meste kun i skule. Eg har fiksa litt på designet for bloggen og har framover tenkt å bruka den til å fortelle kort om kva som skjer å rører seg for meg og artige ting som måtte dukke opp. Har og laga ei portfolie side eg tenkte eg kunne fylle med diverse bilde og andre ting. Det er eigentleg veldig spannande å ha ein blogg, for å få ut sine eigne tankar om ting og tang. Og det er veldig enkelt å ha meiningar og idear rundt ting og tang, og da er ein blogg ein kjempesjanse å kunne dele dei vidare. Desverre helde alltid ikkje desse ideane for meg og eg gløymer å blogge om kva som skjer, men me får sjå kor ofte eg kjem til å blogge framover.

Var ein fototur langs Akerselva på søndag

Men no eit lite tilbakeblikk

Rett før eg reiste heim frå Nairobi produserte eg ei låt til for Billian og Mandela, og rakk akkurat å spele den inn, mikse og vere med på dela av innspeling av musikkvideo. Låten blei artig den, syns eg, og at det blei ei musikkvideo er jo artigt. Må sei at eg sakna Kenya, Nairobi og kjensfolka der når eg ser den.

Fleire tilbakeblikk skal komme etterkvar som eg får styr på bilda mine, portfolie osv… Eg beheld og «Vidar doing it african style», mest fordi eg ikkje får det vekk, men og fordi eg kan ha ein afrikansk tvist på innlegga her.

Advertisements

Hallo! Fann ut at det var på tide med ein oppdatering no på slutten av oppholdet her. I dag er det to veker til heimreise, so med andre ord går det veldig mot slutten no.

Sidan sist har det skjedd masse forskjelling her, for masse til å ramse opp. Men vil eigentleg berre sei at eg har det bra. Cathrine har komme og vore her dei fem siste vekene, og blir til eg reise, kos! I helga var me i Mombasa og kosa oss med sol og strandliv. Før det har me både godt opp på Mount Longonot samen med familien Mo, og vore innom Giraffsenteret her i Nairobi.

Cathrine matar ein av giraffane

Jammen ville han ha litt mat frå meg og!

Framover blir det å avslutte prosjekt og begynne å sei hade til folk. Det er eindel som det skal seiast farvel til, so håpar på å få samla folket til ein anledning.

Ellers produserte eg ei låt til to karar for ei stund sidan. Han eine, Billian, er ein driftig kar so da blei det musikkvideo og! Den sendte han litt rundt og endte med å få den inn på ein slags kenyansk versjon av Svisj, Total request på Kiss TV! Usikker på kor masse den ha blitt spelt, men ha fått høyre at det er eindel som har sett den, kjekt! Under finne du den:

Ikkje noke mesterverk, men veldig artigt. Ha fått ønske om at me skal gjera ein låt til før eg fære, men me får sjå kva det blir til. Tida kjem nok til å flyge avgårde framover. Får sjå om det blir so mange fleire oppdateringar før eg reiser, men ha ingen planar om å legge ned bloggen sjølv om eg reiser heim. I Norge ventar først litt familie tid, før eg sett kursen for Oslo saman med Cathrine. Der skal eg hive meg på igjen med studiane og skal studere produksjonsledelse innan film og TV. Veldig spent på å flytte til Oslo, og gledar meg masse!

Snakkast plutselig!

Som nemt i forrige bloggpost var eg i går på besøk hos mikrofinansorganisasjonen Jamii Bora, som nylig har blitt bank, saman med ein delegasjon frå Strømmestiftelsen. Og ein tur til Jamii Boras bustadsprosjekt utafor Nairobi i Kapetei. Eg likte veldig masse av det eg såg, men fekk og ein del tankar om korleis ting vil utvikle seg framover.

Bankfilialen ved Jamii Bora sitt hovedkvarter

Jamii Bora blei etablert som foretak i 1999 av Ingrid Munro, kona til Bob Munro som starta Mysa i 1987. Det heile starta med at Ingrid lovde 50 fattige i Nairobi at dersom dei sparte pengar skulle ho ordne med at nokon skulle gi dei det doble i lån. Denne gruppa klarde å spare opp 8000 shilling (som med dagens kurs ville vært mellom 500-600 kr) og kom med dette til Ingrid og ville at ho skulle oppfylle løftet sitt. Samtidig med detta var ein kar med namn Johannes frå Strømmestiftelsen der og Ingrid fekk han til å møte gruppa si. Me var så heldige å få møte Johannes på Jamii Bora kontoret og fekk høyra heile historien om når han tok opp lommeboka si og ga ut 16.000 shilling, som var meir peng enn nokon av dei fattige hadde sett. Og slik starta Jamii Bora.

Konseptet som blei utvikla, og fortsatt gjeld i dag, er at fem personar må gå saman. Først må dei spare minimum 50 shilling i veka i 6 veker, deretter får ein av medlemmane eit lån på det dobbelte av det han har spart (maks 10.000). Når førstemann har betalt tilbake, får neste lån osv. I dag tilbyr Jamii Bora i tillegg rimeleg helse- og katastrofeforsikring, huslån og masse meir for fattige, i tilegg til å drive opplæring i korleis starte ein buisness.

Planteikning for det ferdige Kapetei

Jamii Bora har iløpe av 11 år utvikla seg hurtigt og blitt den største mikrofinansorganisasjonen i Afrika. Og har eit stort busettingsprosjekt i Kapetei. Her held dei på med å bygge ein by der medlemmar frå f.eks. slummen skal kunne få huslån og kjøpe seg eit romsleg hus. Prosjektet er i enda under bygging, sjølv om nokon av husa er allereie busett. Det skal byggast til sammen 2.000 hus som skal romme 10.000 menneske, med innlagt vatn, avfallshåndtering av både søppel og resirkuleing av vatn. Skule er på plass, og under utvikling er ein marknadsplass og eit lett industri område.

Det meste av byggebrikkane til byen bli laga rett ved byen og av folka som skal bu der

Det er store forhåpningar til dette prosjektet, og det var med litt skeptiske augne eg var på omvisning. Kven vil busette seg her? Korleis vil miljøet bli? Korleis skal alt bli sjølvstendig og fungere? Det er veldig masse av grunlaget for Kapetei som er veldig idealistisk og bra, men korleis vil ein person som er født og oppvokst i Mathare reagere på å skulle bu her? Klarar ein den store omveltningen? Og korleis vil byen være 20 år etter den er fullt busett? Det blir spannde å sjå i framtida kva som vil skje, eg er i allefall interesert i å følgje det vidare.

Eg har i dei 2,5 månadane eg har vore her i Nairobi kost meg stort med fint vær. Det har vel knapt vore regn dei første månadane her. Når eg kom i august skulle det eigentleg ha vore regntid her, men på grunn av den globale oppvarminga har regntidene begynt å bli uregelmessige. På landsbygdene har dette ført til store kriser med avlingane. Og her i byen har dette ført til rasjonering av både vatn og straum. Straumrasjoneringa er no over, men vatne er først forventa tilbake når oktober er over.

Men no ligg det muligens an til ei forandring, det har vore varsla sidan september at det skal komme eit værfenomen kalla El-Niño, ei massiv regnbye. Dei siste dagane har det komme fleire kraftige regnbye, men dei har foreløpig berre vore periodevis og ikkje altfor lange. Det skumle er kva som skjer viss det blir kraftig regn over tid.

Det eg tenkjer mest på er då folka som bur i slummen, folka i Mathare og alle dei andre slummane i Nairobi. Det er ikkje noko serleg stødige konstruksjonar mange av husa er bygd av og gatene er laga av jord som automatisk vil bli gjørme. Eg las i avisa her om dagen at i ein slum har dei rive ned hus for å lage nødtrassear for redningsmanskap ned i slummen. I Mathare har det dei siste vekene vore mykje graving av nye grøfter, og rensing av eksiterande. Men kor masse dette hjelp når alt bosset som ligg i gatene kjem til å samle seg opp og blokkere rennene, veit eg ikkje.

Sist det kom ein El Niño, 1997, vart det ei stor krise, og myndigheitene var ikkje førebudde på det. Mange tok seg då fri frå jobben og jobba som frivillige med bl.a. suppekjøkken osv. Spørsmålet er om folk er nokk forberedt denna gangen? Snakka her eindag med ein so bur i Mathare, og spurte om han var forberedt på El Niño. Og fekk svaret «El Niño?»

På ei anna side er det kanskje ikkje så altfor mykje å bekymre seg for. Det dårlege været blei først spådd i september, og so taxisjåføren sa når eg spurte «People say alot». Andre har hevda at El Niño ikkje vil ramme Nairobi og at me istadenfor berre får ei vanleg regntid. Tida vil vise, eg trur ialelfall at eg skal skaffe meg ein paraply og eit par gode sko.

I dag har eg hatt min første undervisningstime ved St. Michael i Mathare. Har nemt skulen, og eit par bilder, i eit tidlegare innlegg. På timeplanen sto rytmelære, som skal vere ein del av musikkteoriundervisninga til Ola. Undervisninga blei teken fra grunnen av med fjerdedelar, halvnotar og heilnotar, samt pausar. Til at det var første gang at mange av dei hadde slik undervisning følte eg at dei tok det veldig fort, sjølv om eg til tider måtte kjempe litt slik at ingen skulle klappe når det var pause.

Eg gledar meg til å skulle undervise ved St. Michael igjen, og også prøve å starte opp eigne undervisningsopplegg. Skal, om det blir mulighet for det, ha data opplæring både for elevar og lærarar, og kanskje det kan komme eit film prosjekt. Tida vil vise, eg har fått bortimot frietøyle.

Ellers hadde eg ein kjempefin opplevelse på tirsdag når eg gjekk gjennom ein del av Mathare aleine, etter å ha levert Cathrine og Kristin ved St.Michael. Det er vel eigentleg noko som berre må opplevas for å få følinga med det, men det var mange smilande ungar som kom springane mot meg som ropte «how are u?», mens mødrene satt på sida av vegen ved husa og lo, og syns det var like artigt som meg. Det er ikkje daglegdags at ein «kviting» kjem gåande aleine i Mathare, så det kan vere ein oppleving for begge partar. Eg kjem nokk til å ta den turen igjen, og gjorde vel forsåvidt det i dag sidan eg skulle hente Cathrine og Kristin på vegen heim fra Haba na Haba.

Skal prøve å få teke noken bilder av dei fantastiske ungane som er rundt omkring her og legge dei ut seinare. Men sidan eg likar å inkludere bilde i postane eg skriv, får eg legge ut eit par andre. Her er to frå ein gang eg leika meg med kort lukkartid:

Splashing water

Splashing water 2

Eg må berre få sagt det først som sist: Nettavhengigheten min som eg hadde heime i fedrelandet har dalt kraftig, eg er ikkje so ofte på nett og gjer meg raskare ferdig, sjekke mail/facebook->ferdig. Og det går soklart også utover aktiviteten min her på bloggen. Tenker ofte på å blogge om livet her, men har liksom ikkje fått sett med ned å skreve om kva som skjer.

På ein måte har vel også ting roa seg veldig for meg. Eg har den siste tida blitt komfortabel med å reise rundt på eigahand, og eg kan sånn cirka finna vegen rundt omkring i sentrum. Men alle mine erfaringar etter seks/sju veker her har denna veka blitt sett på prøve. Forrige søndag landa min kjære Cathrine og Kristin, etter ein ca 50 timar lang reisetur fra Noreg til Nairobi. Dei skal ha praksis her fram til jul ved Haba na Haba og St. Michael. I løpet av veka har eg fått prøvd meg som guide for dei, drege dei med på matato til både Eastleigh og Nairobi sentrum, samtidig som eg har fortalt om mine erfaringar frå bylivet. Det har vore veldig kjekt, og eg trur dei har kosa seg og sjølv om ting og tang kan vere litt forvirrande og rart i starten. Det syns eg iallefall at det var, det er spesielt å sjå korleis livet i Mathare er og korleis takle den travle trafikken.

No står ei ny veke for tur og eg kjenner meg klar. Denne veke skal eg begynne med eit opplegg ved St. Michael, nøyaktikt kva veit eg enda ikkje, men saman med Ola blir det musikkundervisning og kanskje noko dataopplæring. All kunnskap er etterspurt der så eg har blitt tatt vel i mot og gledar meg til å begynne.

Oj, plutseleg va det gått to veker sidan forrige oppdatering! Tida går fort, og ting har begynt å skje.

Eg har den siste veka blitt invitert heim til fleire av folka med Haba na Haba. Tirsdag var det familiemiddag med fisk og ugali, ikkje langt fra Haba na Haba. Onsdag blei eg teken med til Kiambiu slummen, ei av dei minste i Nairobi, for å sjå kor ein anna kar budde. Og heile søndag gjekk turen ut på landet, i strålande solskinn, for å møte nesten heile familien til ein tredje kar. Og soklart det blei det gruppe bilde:

Finn ein feil :p

Skal prøve å få lagt ut fleire bilder seinare.

No er foresten overlappingsperioden med Ingrid og Hermod over. Hermod reiste for nesten to veker sidan, mens Ingrid reiser på onsdag. So no er det kun meg og Ola frå Fredskorpset her. Men hjelp er på veg, søndag landar min kjære Cathrine og Kristin som skal ha sosionompraksis her i tre måna! Det blir kjekt!

Det var blei ein litt kort oppdatering, men eg skal prøve å komme tilbake med meir om ikkje so altfor lenge. Stay tuned!

I forrige veke blei studioet eg skal jobbe og vere med å drive gjort delvis ferdig, mest for å vise ungane i Watoto Wanna Say festivalen litt om musikkproduksjon. Me laga litt beats og spelte inn litt vokal for å vise korleis musikkproduksjon og cdinnspeling fungerar. Ungane var i topp stemning over å få vera i eit studio. Det gjenstår enno noko arbeid i studioet, men basis utstyret til å ta opp med e på plass. Det er ikkje so veldig fancy eller avansert, men eg trur det skal kunne fungere fint som eit lavbudsjetts studio. Itillegg er det jo også ganske spesielt at det i det heile finst eit lydstudio i Mathare, men takka vere ein godt prosjekt lokalt og støtte utanfrå er det blitt til.

Ein kar som var på besøk prøver seg litt på trommeprogrammering

Ein kar som var på besøk prøver seg på litt trommeprogrammering

Studio monitorane er ikkje på plass, so me brukte ein PA høgtalar. Opptaksprogramme er Cubase som eg ha sotte å jobba litt med idag for å lære meg det, virka ganske greitt. Blir spennande å sjå om det kjem nokon gode produksjonar ut av studioet med tida. HipHop og rap virkar til å stå folka ved Haba na Haba nært, i tillegg til afrikanskmusikk og reggea.

Vokalmikken satt opp og klar til opptak!

Vokalmikken er satt opp og klar til opptak!

Det som må gjerast framover i studioet er å få betre opptaksforhold. Slik studioet er bygd no er det dobble veggar mellom opptaksrommet og kontrollrommet (bra), men inni opptaksrommet er det flate gipsveggar som gir ein kunstig og dårlig klang. Rommet er heller ikkje veldig stort, til større greier, so det blir spennande å sjå om me kjem til å får gjort trommeopptak der. Om nokon har tips til ein billeg løysing for å betre akkustikken og dempe romlyden tas det gjerne imot! Akkurat no er det teppe på golve, og noko gardin lignande på veggane og i taket som er som er planen.

No har eg vore ei veke i Nairobi, og jøss eg har vore med på ein del. Vansklig å formidle alt, men eg har hatt det bra og vore med på utrolig masse. Og går forventnigane i oppfyllelse kjem eg til å være med på enda meir!

Idag e det da søndag, og eg trur det skal bli ein ganske avslappande dag. Har iløpe av veka køyrt masse Matato, som ikkje e ille. Det e ganske trangt og Matatoen e som regel rimelig full av folk. Sjåføren e som regel ekspert på å komme seg fram i trafikkkork og brukar flitting begge sider av vegen eller grøfta for å komme seg fram, norske traffikk reglar gjeld sjelden. 😀

Igår kveld/natt gjekk foresten strømmen i heile Nairobi (trur eg) Alt gatelys var av, skulle eigentleg ut på ein uteplass men dei hadde ikkje strøm so da gjekk turen heim. Det var foresten første gang eg kom meg heim med taxi aleine. Gjekk overraskande bra! Strømmen var gått på grunn av rasjonering som følge av at det ikkje har regna på ei stund og vannmagasina er tomme, rasjoneringar har teke strømmen ca annakvar dag der eg bur. Litt uvandt, men det e no berre slik.

Arbeidet ved Haba na Haba går og bra. Har ikkje gjort so mykje, men driv med å sette meg inn i ke so e gjort og ke planane for framtida er. Lydstudioet begynnar å nerme seg ferdig bygd, so da gjenstår det berre å flytte inn utstyr og begynne å spele inn. Største utfordringa i forhold til drifta av huset akkurat no er strømrasjoneringa, men forhåpentligvis kjem regnet snart.

Hadde med meg kameraet eindag og tok detta bilde av noken av ungane i prosjektet:

_DSC0135

Syns det blei ganske fint. Det skal soklart komme flere bilder med tida.

Ellers har eg blitt vandt il å ete fingermat, lite med bestikk til lokal mat, men maten er ikkje værst sjølv om den kan vere litt uvandt. No skal eg nyte fri søndagen, og vente spent på ke neste veke vil bringe!

Da ha endeleg dagen før dagen komme. Det er ikkje vetle julafta, det er ingen pakkar under treet, og snøen er langt frå tilstedeverande. Imåro tek flyet mitt av frå Gardermoen tek ein stopp på Heathrow før det sett kursen rett mot Nairobi.

Om eg er klar? Ana egentlig ikkje, har ikkje testpakka bagen, men reknar med alt skal gå opi. Men er det nokk ting eg har med meg? Kva treng eg egentlig i Nairobi? Kan ikkje få sendt ting som ligg igjen med bussen :p Ellers burde eg vel kanskje vere klar for kva som møter meg når eg landar, men akkurat der veit eg heller ikkje heilt kva som hentar. Masse tankar, forløpigt medium stress nivå, med stor fare for auke! Skulle gjerne skreve meir no, men håve er overarbeida og eg har ting å gjere!

Me snakkast i Nairobi, Kenya!