Archives for posts with tag: Reise

Oj, plutseleg var julafta her og eg ha ikkje blogga på ei stund, slikt skjer. Og litt av kvart har skjedd: Eg er no heime i Norge på juleferie, kom heim forrige onsdagog blir verande til over nyttår. Det var ein liten opplevelse å komme heim, det var stille på flybussen fra Haukåsen som bevega seg sakte gjennom snølandsskapet, ingen andre bila på vegen og kun ein stille summing av motoren til bussen. Eg satt bak i bussen og tenkte for meg sjølv på forskjellane til Nairobi.

Eg oppdaga no at eg ikkje hadde blogga på 2 månadar, ops, men eg vil påstå at eg har vore opptatt og ikkje alltid hatt tid til å oppdatera bloggen. Har vel hatt tid, det tek ikkje so lang tid, men men. På programmet dei siste to månadane har eg blandt anna vore på safari til Masai Mara, me hadde stort besøk frå Høgskulen i Volda som var å sjekka opp praksis plassen til Cathrine og Kristin og fekk ein presentasjon av prosjektet til meg og Ola. Eg trur møtet med Mathare og Eastleigh sette eit godt inntrykk på dei. Ellers har tida gått veldig fort, små happenings kvar dag. Eg gledar meg tl å skulle ned igjen i januar, da flyttar eg også inn i ein ny bustad, noko eg gledar meg stort til.

Dagen i dag blir feira med familie på Kaupanger. Cathrine har vore her i nesten ei veke og holdt meg med selskap i førjulstida, og eg skal til Bergen i romjula og helse på folket der. På nyåret blir det ein tur til Volda før kursen blir sett mot Nairobi igjen, og da skal eg ikkje tilbake til fedrelandet før i august!

Eg er veldig spent på kva det nye året vil bringa, og eg er sikker på at eg kjem til å få utfordringar og opplevelsar i fleng. Spesielt i Nairobi, men returen til Norge vil nokk ikkje bli stille den heller, må jo finne på noko spanande når eg er tilbake.

Riktig god jul til deg og dine! Håpar at alt de manglar ligg under treet idag!

Advertisements

Bedre seint enn aldri med ein liten oppdatering fra forrige helg, da var eg, Cathrine og Kristin og besøkte praksis studentar i Nakuru, (2 1/2) timar frå Nairobi. I den sammenhengen reiste me på safari ved Lake Nakuru, og soklart hang eg ut glaset med kameraet i handa. Masse spennande å sjå og bilde blei det. På turen prøvde eg pappa si gamle linse til sitt speilrefleks, ei 80-200 mm linse med manuell fokus. Ikkje like heldig med fokus heile tida, men det var kjekt å ha ei telelinse! Safarien sitt høgdepunkt var når me reiste opp på eit utsiktpunkt so heite Baboon cliff, med ein haug med rimelig avslappa baviana som ikkje hadde noke imot å bli teken bilde av. Dette inntil eg tok eit skritt for nermt ein som deretter slengte ein arm ut etter meg og reiv tak i skjorta mi. Lite dramatisk egentlig for han ville ikkje noke serleg meir enn å sei fra at no var eg litt for nerme, men eg må innrømme at eg skvatt litt.

Det var alt for no. Om du syns eg oppdatera for sjeldent om livet her, er Cathrine flinkare og raskare med å oppdatere bloggen sin, sjekk den ut på http://cathrinesverden.wordpress.com

No blei eg litt happy! Såg nettop at eg idag har passert 1000 treff på bloggen min sidan eg starta å blogge i midten av juni. Tusen takk til alle sammen so ha vore innpå å lese, skal prøve å fortsette å underholde(?) alle vidare.

Ellers idag har eg jobba i studio saman med tre andre karar, på tre forskjellige prosjekt. Det går i hip-hop med litt forskjellig stilblanding. Eg er spent på å sjå kva me kan få til i studioet iløpet av året. Moglegheitane er iallefall mange. Eg har også fått sett saman ei gruppe frå Haba na Haba som eg skal begynne å lære opp fra torsdag av, i lyd og diverse teknikar arbeid. Litt teori og eindel praktisk står på programmet.

I helga var eg foresten «up-country» igjen. Saman med Cathrine, Kristin og Ola med familie tok Goddie oss med heim til seg på landet. Me reiste først heimom til han, der mora har ein liten gård, forså å reise til ein idyllisk lite «parkannlegg» der me slappa av. Der koste me oss unna storbylivet i frisk luft og postkort Afrika omgivnadar, Einaste so mangla var at me ikkje fekk sett noken ville dyr :p

Elva ved siden av der me tilbrakte mesteparten av dagen

Elva ved siden av der me tilbrakte mesteparten av dagen

Seinare for me tilbake til gården, der det blei servert noko som heiter mokimo. Ein blanding av bønner, grønsake, potete, litt kjøtt og eindel anna ting. Ikkje værst.

Lille Åsmund var ganske begeistra for kua på gården

Lille Åsmund var ganske begeistra for kua på gården

Cathrine og Åsmund

Cathrine og Åsmund

Til slutt må eg inkludere eit bilde av Goddie, guiden vår, s0m eg har blitt kjent med her i Nairobi. Han har vel også vore guide for meg i det meste om korleis livet i Kenya er.

Dagens guide

Dagens guide

Oj, plutseleg va det gått to veker sidan forrige oppdatering! Tida går fort, og ting har begynt å skje.

Eg har den siste veka blitt invitert heim til fleire av folka med Haba na Haba. Tirsdag var det familiemiddag med fisk og ugali, ikkje langt fra Haba na Haba. Onsdag blei eg teken med til Kiambiu slummen, ei av dei minste i Nairobi, for å sjå kor ein anna kar budde. Og heile søndag gjekk turen ut på landet, i strålande solskinn, for å møte nesten heile familien til ein tredje kar. Og soklart det blei det gruppe bilde:

Finn ein feil :p

Skal prøve å få lagt ut fleire bilder seinare.

No er foresten overlappingsperioden med Ingrid og Hermod over. Hermod reiste for nesten to veker sidan, mens Ingrid reiser på onsdag. So no er det kun meg og Ola frå Fredskorpset her. Men hjelp er på veg, søndag landar min kjære Cathrine og Kristin som skal ha sosionompraksis her i tre måna! Det blir kjekt!

Det var blei ein litt kort oppdatering, men eg skal prøve å komme tilbake med meir om ikkje so altfor lenge. Stay tuned!

Da ha endeleg dagen før dagen komme. Det er ikkje vetle julafta, det er ingen pakkar under treet, og snøen er langt frå tilstedeverande. Imåro tek flyet mitt av frå Gardermoen tek ein stopp på Heathrow før det sett kursen rett mot Nairobi.

Om eg er klar? Ana egentlig ikkje, har ikkje testpakka bagen, men reknar med alt skal gå opi. Men er det nokk ting eg har med meg? Kva treng eg egentlig i Nairobi? Kan ikkje få sendt ting som ligg igjen med bussen :p Ellers burde eg vel kanskje vere klar for kva som møter meg når eg landar, men akkurat der veit eg heller ikkje heilt kva som hentar. Masse tankar, forløpigt medium stress nivå, med stor fare for auke! Skulle gjerne skreve meir no, men håve er overarbeida og eg har ting å gjere!

Me snakkast i Nairobi, Kenya!