Forrige søndag var eg på tur rundt i Mathare og omliggande område saman med ein god venn, Joshe, i sju timar. Me vandra rundt i Mathare, Huruma, Kariobangi og Korogotcha, og eg fekk sett masse frå dei ulike områda og kor stort Mathare e. For ette sju timar har eg ikkje sett alt enda, men det var veldig kjekt å bli teken med utafor der eg vanligvis vandrar.
På turen var soklart kameraet mitt med, og det blei eindel bilder i løpe av dagen. Det blei eigentleg veldig mange bilde, som store delar av kunne gått inn på bloggen. Men det måtte bli med eit utdrag, med mest frå starten av turen sidan eg etterkvar oppdaga at det blei eindel bilde.
- Mysa arrangerar oppryddingsaksjonar i Mathare
- Mysa community service
- To tøffe typar
- Ein gjeng med ungar som sitt utafor huset sitt
- Ei av mange gater inni det tettbefolka området
- «Pica pithca!» Dei likar å bli teken bilde av
- Nokk ei gate
- Ei and som vil ha seg litt drikke
- Ein unge ville vise meg at han kunne ta zalto
- Her bur politiet i området. Rart dei er korrupte?
- Ei av mange liknande gater
- Elva som går gjennom Matharevalley
- Ein plass i Mathare
- Måtte ha eit bilde av meg og Mabatiniområdet i Mathare
- Nokon som stilte villigt opp for å bli teken bilde av
- Desverre dumpar søppelbilen søppel midt på gata, og lite blir gjort med det..
- Marked på veg mot Korogotcha
- To ungar leikar på gata, og aker i ein balje
- Her skulle det eigentlig bli Bygd eit sjukehus i Korogotcha, men korrupsjon gjorde til at prosjektet stoppa
Bilda kan vere litt voldsomme med masse søppel og langt frå noken norsk levestandard, men det leve veldig mange menneske i Mathare og det e heimen deira. Noko som eg syns e viktig å tenka sjølv om ein ikkje tenkjer på dette som levelege forhold i Noreg. Eg vil og sei at eg ha blitt ganske herda for inntrykk av søppel og forskjellig, og ser glimt av livet som befinn seg i slummen med masse smilande ungar og folk som syns det er veldig artigt at ein mzungo (kviting) går forbi.
Eg driv å har planar om å lage eit stort bilde (oppmot ein gigapiksel) av Mathare, og gjorde eit forsøk på det (blei 0,1 gp), men resultatet må arbeidast litt med det.
I dag ha eg foresten vore å besøkt banken og mikrofinansorganisasjonen Jamii Bora og høyrt om arbeidet deira. Besøkte og Jamii Bora siit bustadsprosjekt i Kapetei. Skal få ut ein bloggpost om det snart, trur eg 😀