Hallo! Fann ut at det var på tide med ein oppdatering no på slutten av oppholdet her. I dag er det to veker til heimreise, so med andre ord går det veldig mot slutten no.

Sidan sist har det skjedd masse forskjelling her, for masse til å ramse opp. Men vil eigentleg berre sei at eg har det bra. Cathrine har komme og vore her dei fem siste vekene, og blir til eg reise, kos! I helga var me i Mombasa og kosa oss med sol og strandliv. Før det har me både godt opp på Mount Longonot samen med familien Mo, og vore innom Giraffsenteret her i Nairobi.

Cathrine matar ein av giraffane

Jammen ville han ha litt mat frå meg og!

Framover blir det å avslutte prosjekt og begynne å sei hade til folk. Det er eindel som det skal seiast farvel til, so håpar på å få samla folket til ein anledning.

Ellers produserte eg ei låt til to karar for ei stund sidan. Han eine, Billian, er ein driftig kar so da blei det musikkvideo og! Den sendte han litt rundt og endte med å få den inn på ein slags kenyansk versjon av Svisj, Total request på Kiss TV! Usikker på kor masse den ha blitt spelt, men ha fått høyre at det er eindel som har sett den, kjekt! Under finne du den:

Ikkje noke mesterverk, men veldig artigt. Ha fått ønske om at me skal gjera ein låt til før eg fære, men me får sjå kva det blir til. Tida kjem nok til å flyge avgårde framover. Får sjå om det blir so mange fleire oppdateringar før eg reiser, men ha ingen planar om å legge ned bloggen sjølv om eg reiser heim. I Norge ventar først litt familie tid, før eg sett kursen for Oslo saman med Cathrine. Der skal eg hive meg på igjen med studiane og skal studere produksjonsledelse innan film og TV. Veldig spent på å flytte til Oslo, og gledar meg masse!

Snakkast plutselig!